Lån "Det har skjedd verre ting i utlandet : scener fra et farskap" på biblioteket
Forfatter: Marte Brekke Michelet
Sjanger: Biografi
År: 2025
Anbefalt av Håkon Brimsø
Fram til dette tidspunktet har ho grubla over sitt forhold til sin far Jon, den eventyrlystne journalisten, den kvinnedårande forfattaren og den raudglødande politiske kaderen som i mange tiår var ein særs synleg skikkelse i den norske offentlegheita. Denne grublinga startar ei i følgje ho sjølv «kaotisk, grumsete elting av fortida, som jeg ikke klarte å slutte med.» Med dette som utgangspunkt startar ho eit personleg granskingsprosjekt der ho tar i bruk ein noko særeigen metodikk: For å kome nærmare både personen, faren og fenomenet John Michelet kler ho seg opp i faktene og utskeiingane hans, under parolen «what would Jon Michelet do?»
I tillegg til dette rollespel-prosjektet som speler seg ut i notidsnarrativet, er boka – som tittelen viser til – full av anekdotar og scenar som skildrar ein oppvekst og eit farsliv litt utanom det vanlege, frå raddismiljøet på Bøler på 1970-talet, seine kveldar på Teaterkafeen, til eit liv blant anti-apartheidrørsla i Zambia og Namibia på 80- og 90-talet. Vevd inn i dette ligg ei kunnskapsrikt fortalt forteljing om sentrale hendingar i Noregs- og verdshistoria dei siste 50 åra.
Marte Michelet si laiving har resultert i eit djupt personleg, sjølransakande og usminka portrett av sin far, ho sjølv, og deira forhold. Boka er skrive med eit nysgjerrig og sjølvsikkert språk med rikelege mengder kjærleik og humor, og som samstundes er prega av djupt alvor.